Vi tilpasser oss våre gjester slik at det skal vera til det beste for våre gjester.
07.00-08.00 Dagen starter hos oss. Lufting av hundene, frukost og vask av rom. Nokon gonger er vi igang kl 07.00 og andre dagar 08.00. Unge hundar treng kortare natt, mens andre likar å sove litt på morgonen. Vi tilpasser oss våre firbeinte gjester.
Formiddagsro på pensjonatet
11.00 og utover dagen lufting/leik/tur. Vi ser fort kven av våre som gjester som har glede av å gå tur samen, evnt leike litt samen eller kven som absolutt ikkje vil vera saman med nokon andre. Vi respekterer kvar enkelt og hunden sitt behov. Vi har store inngjerda areal her rett bak pensjonatet og huset vårt der dei kan springe fritt. tillegg har vi eit inngjerda innmarksbeite i Njøsadalen som vi tek hundar med til ved høve eller for trening av ulike slag i skogen. Så kan vi også berre går herifrå og opp i skogen, vi har kort veg til skog og mark.
Nokon hundar likar å gå tur, medan andre vil tusle litt rundt på tunet her med oss. Begge deler går fint. Vi har både eldre, stive og støle hundar som får tusle, kvelpar som ikkje skal ha dei lengste turane og spreke hundar som gjerne vil ha meir aktivitet. Vi tilpasser kvar enkelt hund og dens behov. I tillegg har vi sykkel som vi kan sykle med dei som treng spesiell aktivitet/trening åleine.
17.00 Åpningstider- Inn og utlevering. I denne perioden ser vi at ein del hundar kan verte noko stressa av mange nye hundar og folk som skal levere/hente. Vi har derfor kun inn og utlevering mellom 17 -18 kvar dag. Då får nye litt tid å verte kjende før natta og roen senkar seg før kveldsmat og natt.
18 00 Kveldsmat, lufting. Hundefor er inkludert i prisen, men om det er noko spesielt hunden din skal ha eller treng, så gir vi den gjerne det. Du må då sørge for å ta med det som hunden treng når den er hjå oss.
22.00-22.30 Siste luftetur for kvelden, som regel ein enkel tisserunde før natta og lyset vert slokt.
Det skal vera ro seinast kl 23.00